onsdag 23. mai 2012

Våravslutning i sommarver!

Det var ekstramøte på månadagskvelden, i høve Dorothee sitt besøk. Ho hadde med vakre kviltar som ho viste fram!





Her er andre sine bidrag til vis og fortel, det meste har vel Marie laga.
Håpar du tek med desse vakre tinga til hausten og, slik at fleire får nyte synet og få inspirasjon!










Dei få som møtte fram denne kvelden hadde ei gild stund. Aktiviteten var cupcake-nåleputer.



Då ønskjer vi alle medlemmar og andre blogglesarar ein riktig god sommar!

fredag 4. mai 2012

Vår-avslutning med Dorothee!

Hugsar du Dorothee Schulz, som vitja oss ein gong før? No kjem ho attende til Gloppen, og vil gjerne vere med oss på ei vår-avslutning i klubben.

Set av måndagskvelden 21. mai på ungdomsskulen. Grunna eksamensavvikling får vi låne klasserom nr. 1, til høgre opp trappa.

Ta med stoffrestar, blondar og pynt, så lagar vi muffinsnåleputer. Vis og fortel.

Håpar mange har høve til å kome!

*******************************************

Vestlandstreffet 5. - 7. oktober finn du opplysningar om her.

Mai-møtet, Buggy Barn og Dear Jane

Tema for mai-møtet var krympestoff. Her er nokre av resultata, søte hjarte.


Vis og fortel:
 Reidun frå Breim (ei av dei) viste fram fine toalettvesker og ei koppeveske.
 Sally har sydd alle blokkene i Kitten's Tale av Lynette Anderson, men har montert dei kvar for seg i staden for i eit heilt teppe. Smart!
 Grethe har sydd eit stort teppe etter kurset med Hanne.
 Ei anna Kari har sydd heilt ferdig eitt av arbeida frå kurset med Hanne.
 Og her har ho sydd ein ny kvilt, ein type ananasmønster?

 Masse bonus-blokker!
 Veska til Margrethe.
 Solveig hadde mykje å vise fram, her AnnaKa sitt teppe.


 Fleire løparar med nydeleg stitiching i stilkesting.





 Anna har sydd sunflower-nåleputer.

Kurs i oktober:
Klubben har fått avtale med Helle Løvenskjold om kurs i Buggy Barn-teknikken ei helg i oktober. Ho har fleire alternative mønstre, men deltakarane må vere einige om eitt mønster. Dette mønsteret må kjøpast før kurset. Om nokon reagerer på dette, så les bakpå eit kjøpemønster, t.d. av AnnaKa: "Enhver form for mangfoldiggjøring av mønsteret, uten samtykke fra meg, er ulovlig. Begrepet mangfoldiggjøring omfatter all form for kopiering, kursing (der hvor  kursdeltakere ikke har kjøpt hvert sitt mønster) og/eller publisering i massemedia, av mønstermateriale."  Ein ser her at når instruktøren underviserer i andre sine mønster, må det bli slik.

 Ein kan velge mellom 4 typar teppe: Hjarteteppe (dette biletet har Margrethe teke i Florø), katteteppe (modellen her er Helle sin), blomsterteppe (her er Åse Kjærland sitt uferdige teppe) eller stjerneteppe (her er eg ikkje sikker på kva type, då Buggy Barn har mange forskjellige stjerneteppe.



Dear Jane....Kjære Jane Stickle 


 Mange i klubben har fått sansen for blokk-sying. No har klubben kjøpt inn data- programvare til Dear Jane-kvilten. Med dette programmet kan ein "leike seg" med å designe sin eigen store eller vesle DJ-kvilt. Ein kan printe ut blokkmønstrene i mange storleikar, og legge på farge. Her er ein god del applikasjon i forskjellige variantar, pluss papirsying. Hanne Schneider er nok Dear Jane-eksperten her i landet, med gode kontaktar i USA og Canada. Det hadde vore moro om ho kunne halde eit kurs for oss, slik som ho gjorde det i Førde for nærare 3 år sidan. Der underviste ho også i ein annan kjend kvilt, Nearly Insane. Det finst også nokre online-stader der ein kan få hjelp i konstruksjonen av blokkene, til dømes hjå That Quilt.

Denne kvilten er verdskjend, og Brenda Papadakis har verkeleg hatt suksess med boka Dear Jane. Frå museet i Vermont teikna ho av alle blokkene på originalen. Quilten er vel ganske mytisk, i og med at ein ikkje veit noko særleg om Jane Stickle, men quilten er datert 1863, under borgarkrigen, og merka med kor mange delar der er: "In War Time 1863, Pieces 5602, Jane Stickle".
 Det er ei veldig kjekk bok, og kan t.d. kjøpast her. Dei to linjalane er vel eigentleg også eit must, om ein vil sy blokkene i originalstorleiken.

For dei som var på regionstreffet på Stårheim for nokre år sidan, der Hanne Schneider heldt foredrag, er det vel også kjent at Nordfjord Lappe- og Quilteklubb lodda ut fleire større og mindre variantar av dette teppet, i blått og kvitt, med blokkstorleik 6". Det var eit impnerande arbeid av medlemmane der!


Då har vi litt å tenkje på til hausten! Kanskje ein kunne ha ei blokk-gruppe for dei som er interesserte?

tirsdag 1. mai 2012

Krympestoff


Onsdag blir det demonstrasjon av bruk av krympestoff. Janne vil vise oss kunsten. 
Du må ta med eitt eller fleire stoff på 50 x 50 cm, og tråd som passar i fargen. Symaskina må også med!
Du betaler 50 kr pr stk krympestoff. Dette er ein morosam teknikk, som gir meirsmak. 
Vi lagar prøvelapp i form av eit hjarte!

lørdag 28. april 2012

4H-gruppa Zting

Sist helg hadde 4H-gruppa Zting samling på ungdomsskulen. Kjekke og flinke jenter frå fleire bygder i kommunen er med i denne gruppa, nokre av dei er med på andre året, medan nokre er nye dette året. 

Det er Liv, Margrethe og Janne som er leiarar i denne gruppa, og dei legg ned stort engasjement og mykje tid i dette friviljuge arbeidet. Det er verd å merke seg at det kjem eit eige 4H-hefte som desse damene har laga! 
Jentene lærer grunnleggande symaskindugleik, skjæring, lappeteknikk, angelina, paintstick og å sy enkle klede m.m.
Materialet kjem frå Primula/F.R. Jørgensen, og Gloppen Lappe- og Quilteklubb har sponsa ein del utstyr. Symaskiner har jentene med sjølve.

Her kjem biletglimt frå sist laurdag!